Fjell og vannvidd er eit magasin av og om Fjellaren. Medan andre skriv blogg, lagar Fjellaren eit magasin om seg sjølv. Det er berre å orsake at Fjellaren har kasta seg på den store sjølvprofileringsbølgja.
Vi kan ikkje seie anna enn lukke til og god betring.
Klikk på sidene for å lese meir.
Fjellaren nyt livet som sauebonde
(13.04.2012):
Dei første ustøe stega. Nytt liv på Fjellet. Det er herleg å vere sauebonde!
Medan andre står i milelange bilkøar for å kome på hytta, omdefinerer Fjellaren huset til hytte i påska. Fjellaren bur no på Fjellet....
dd
dd
Fjellaren kikar på litt andre dyr
(02.03.2012):
Fjellaren har laga seg eit lite fotoalbum, og der ser han på blant anna denne krabaten. Sjå galleri.
dd
dd
Fjellaren rømer endå høgare til fjells
(26.02.2012):
- Nok sauemas, tid for fjell, seier Fjellaren. Bli med på ein flott og kald februartur på Skjolden. Bli med!
dd
dd
Fjellaren takkar for alle besøkande i 2011. Godt nytt år!
dd
dd
Fjellaren og Bella takkar alle montørar
(29.12.2011):
Etter orkanen Dagmar har el-montørane arbeidd
døgeret rundt for at vi alle skulle få straumen igjen. Fjellaren og Bella er svært
takksame for ein fantastisk innsats alle montørane har lagt ned. Ein spesiell
takk til SFE-montørane Brattheim og Fivelstad som ordna opp på øya vår.
dd
dd
Fjellaren ser på svanene på Fjellvatnet
(19.11.2011):
Fjellaren ser at svaneflokken er tilbake på Fjellvatnet i år òg. Triveleg gjeng!
dd
dd
Fjellaren har fått si første annonse på nettsida si:
dd
dd
Fjellaren satsar på sauen.no
(23.10.2011):
Fjellaren planlegg ny nettside, sauen.no, som skal lanserast i januar 2012. Fjellaren er sparsomleg med opplysningar endå, så vi får berre vente i spaning.
Heida har eit fantastisk utsyn ned mot Fjellet og Fjellvatnet. Fjellaren gler seg over at sauene har gjort ein god jobb på beitet i sommar.
dd
d
Fjellaren opplever mykje nedanfor altanen
(24.09.2011):
Det siste i følgjetongen om kva Fjellaren opplever nedanfor altenen er eit heilt jaktlag som hadde ein fantastisk jaktdag på Fjellet den andre laurdagen i jakta. Pausene med sjokoladekake og kaffi var så kjekke at det vart ikkje så veldig mykje hjortejakt. Men ein kalv greidde no jaktlaget å felle denne jaktdagen. Fjellaren takkar for ein super dag!
Nokre seier at slike kraftmaster er naudsynte for vidare utvikling av landet - så lenge dei ikkje går gjennom deira eige nærmiljø. Fjellaren ser fram til valkampen.
dd
dd
Fjellaren fekk hast med å legge ut ei ny toppsak
(13.08.2011):
Etter ein dårleg start for Liverpool, hasta det med å dysse ned samarbeidet mellom fotballklubben og fjellar.no. Vi kan difor melde at vêrlammet Audun veks og trivast:)
Fjellaren har høyrt at det kan vere lurt med litt marknadsføring når ein driftar ei slik lita nettside. Det vart difor bestemt å nytte ein fotballklubb til dette. Laurdag brakar det laust.
dd
dd
Fjellaren opplever gatefest nedanfor altanen
(28.07.2011):
Fjellaren trudde at han no kunne skryte på seg at eit sirkus parkerte nedanfor altanen, men det var ein gatefest. Og for eit fantastisk samkome!!!
Medan Fjellaren måtte halde seg heime, fekk bilen ein tur åleine til Deknepollen. Då ikkje blien ville starte om morgonen, kunne Fjellaren prise seg lukkeleg for Viking bilberging på kort varsel rykte ut frå Stårheim til Fjellet. Fjellaren vil takke Glenn Andre Piel frå Viking for kjempegod service og gode bollar!
Det er i dag nøyaktig eitt år sidan eit anna gult og raudt farty var på Fjellet. Heldigvis var det denne gongen berre materielle skader.
Fjellaren ser det meste frå altanen. Klokka 0530 sigla MS "Nordnorge" forbi altanen. Inne i stova kunne vi følgje med direkte på NRK2. Ein god start på siste dagen før ferien.
Fjellaren hadde ei fin og variert dag ved klosteret på naboøya.
g
f
Fjellaren på Sverdeggja
(12.06.2011):
Fjellaren fekk seg ein spanande fjelltur 1. pinsedag. Les meir.
r
r
Fjellaren kan melde at det regnar på hekken i dag òg
(09.06.2011):
Fjellaren planta denne våren endeleg ein hekk framfor huset. Den vesle hekken fekk ein tøff start med både storm og mykje regn. Her kan ein sjå eit lite utval av alle dei regndropane som har falle den siste månaden. God sommar!
c
c
Fjellaren ser at hjorten har ein tøff haust i møte
(09.06.2011):
Den første skytetreninga på 17. mai viser at karane på Barmen framleis treff blink.
Etter dagar med nordavind er det herleg å kunne ta seg ein tur i sol og 20 varmegrader, servert av fønvindar frå Sahara. I skogen vinn vårblomane over gammalt lauv - Det er slik våren skal vere, seier Fjellaren. Les meir
c
c
Fjellaren opplever romantikk på Fjellvatnet
(18.04.2011):
Eit svanepar har funne seg godt til rette på Fjellvatnet denne våren.
d
d
Fjellaren likar seg som sauebonde
(13.04.2011):
Fjellaren storkosar seg med tilveksten i den vesle saueflokken på Fjellet.
- Den kjekkaste våren så langt, seier ein stolt matfar.
(15.03.2011): I dag opnar fiskesesongen i Fjellvatnet etter å vore vinterstengt sidan 15. november 2010. Eit flott vårteikn når fiskarar frå inn- og utland samlast for å dra i land fargerike, feite og flotte regnbogeaurer. Skitt fiske!
v
v
Fjellaren ser ikkje berre natur frå altanen
(13.02.2011): Når Fjellaren sit på altanen, er det mykje å feste auga på. Les meir.
g
g
Fjellaren spring i medvind
(04.02.2011): Det vert meldt at Fjellaren spring i medvind. Biletet er fotografert i Kvernevikja med mobiltelefonen på joggetur i dag. Friskt og herleg.
b
b
Fjellaren skriv heim til Bukta
(02.02.2011):Eg var så heldig å få vere gjesteskribent i Buktabladet i julenummeret 2010. Dette er eit blad som kjem ut to gongar i året i bygda der eg vaks opp. Les om livet som liten sauebonde.
r
r
Fjellaren møter veslevêren
(30.11.2010): Fjellaren har blitt sauebonde. Han ville auke flokken, og fann seg ein vêr. Les meir i andre nummer av Fjell og vannvidd. Klikk her for å lese meir.
Velkomen til heimesida til frilansjournalist, fotograf,
skribent, heimesidespøtar og fjellar Håvar Fagerli.
Frilansjournalist:
Håvar Fagerli tek på
seg det meste av oppdrag på vestlandskysten.
Håvar Fagerli har arbeidd som frilansjournalist sidan 2003.
I 2006/2007 hadde eg fast stilling i Fjordenes Tidende, men valde å gå tilbake
til frilanstilværet. Som skrivande journalist har eg stort sett levert stoff
til lokalavisa Fjordenes Tidende. Som fotograferande journalist har eg til no
levert foto til NRK, Dagbladet, Scanpix, Aftenposten, Bergens Tidende,
Sunnmørsposten, ulike reklamebyrå og fleire lokalaviser.
Fotograf:
Håvar Fagerli kan både ta
bestillingsoppdrag og selje foto frå eige arkiv. Sjå lenger nede på denne sida for eit utval av fotografi.
Skribent:
Trur du at Håvar Fagerli kan skrive for deg, er det berre å ta kontakt.
Eg likar å skrive, og har bakgrunn som
tekstforfattar, norsklærar og revyinstruktør. I det siste har eg mest skrive for avis. For å
få utløp for skrivekløen, har eg i staden for blogg, starta å skrive mitt eige minimagasin.
Heimesidespøtar:
Heile enkeltpersonsføretaket starta med at eg laga ei
nettside for bygdelaget der eg bur. Eg lærte meg programmering på den harde
måten, og er 100% sjølvlært. Etter dette har det balla på seg med nettsider.
Skal eg spøte ei heimeside til deg òg?
Fjellar:
Eg vil òg her ta med litt om bakgrunnen for at eg jobbar
under namnet fjellar.no. Det har seg slik at eg har flytta til ein stad der
fjellarane bur. Slik eg har forstått det er det ikkje så gale å vere ein
fjellar. Sidan eg òg likar meg godt i høgda, var det ikkje vanskeleg å finne
namn på nettside og føretak.
For tidlegare arbeidsprøver kan de òg sjå mediamakar.no
d
d
Fjellaren ser tilbake til den gamle sida
(25.10.2010): Fjellaren laga i 2007 den første nettsida til enkeltpersonsføretaket sitt. Her kan ein sjå litt fleire arbeidsprøver. Mediamakar er ikkje død, sjølv om ein fjellar er fødd.
(20.10.2010): Første nummer av Fjell og vannvidd er ute. Det er ikkje det største magasinet, men ein kan vel ikkje forvente så mykje meir frå den kanten. Ingen har til no tatt på seg redaktøransvaret, men vi får gje dei ein sjanse. Klikk her for å lese meir.
g
g
Fjellaren meiner at brannbilane skal vere raude
(13.10.2010): -Brannbilar skal vere raude, ikkje gule og blasse, seier Fjellaren til magasinet Fjell og vannvidd. Vi kjem tilbake til dette nye magasinet, som stort sett berre vil handle om Fjellaren. Redaktør og dagleg leiar i Fjell og vannvidd vil ikkje kommentere spørsmål om eventuell marknadsundersøking, og om det i det heile er nokon som vil interessere seg i ytringane til Fjellaren. Fjell og vannvidd har søkt om å bruke denne nettsida som formidlingskanal. Vi kjem tilbake med meir. Om nokre faktisk er nyfikne, her er ein snikkikk på framsida.
j
j
Fjellaren på morgontur i småbåthamna
(14.08.2010): Fjellaren held seg i høgda, og er ikkje båtreiar. Han kan då berre smugkike på andre sine båtar ein tidleg sommarmorgon.
a
a
Fjellaren jublar for premiere på Premier League
(14.08.2010): Fjellaren har i lengre tide jobba med å interessere seg
for fotball. No har han endeleg greidd det: Laget er Liverpool! Fjellaren
illustrerer gleda over at Premier League endeleg er sparka i gang med nokre
jublande lokale fotballheltar. Fjellaren vil i denne samanhengen anbefale
haugenfotball.no for
alle fotballinteresserte. Stig har god oversikt, og var alltid god å spørje
då Fjellaren under journalistoppdrag ikkje hadde fått med
seg alle namna på dei lokale fotballsparkarane. I tillegg til å
hjelpe journalisten, må det seiast at Stig gjer ein svært god jobb for
lokalfotballen med nettsidene han driftar på dugnad!
Men no er det tid for å tenkje Liverpool. Kamp i morgon!!!
You'll never walk alone!
a
a
Fjellaren på ny panoramatur
(08.08.2010): Fjellaren nytta sjansen før skodda angreip. Fjellvatnet midt i biletet, Heida til høgre. Klikk på biletet for å sjå det i større format.
f
f
Fjellaren likar blåklokker
(08.08.2010): Fjellaren traff ei flott blåklokke på veg opp mot Skjolden. Fjellaren ynskjer seg makrolinse til jul:)
g
g
Fjellaren ser heim
Fjellaren tok seg ein tur på Nonstua og kika heim til Fjellet. Klikk på biletet for å sjå ei større utgåve.
g
h
Fjellaren på Skåla
Sommaren 2009 fekk Fjellaren ein flott tur på fjellet Skåla (1848 m.o.h) i Stryn. Les meir
g
g
Fjellaren opnar butikk
(22.07.2010): Alle bileta på denne nettsida og barmen.no er til sals. Det er hovudsakleg naturfoto frå Barmen som er i fotoarkivet, men eg har òg fotografi frå andre stader. I butikkhylla kan ein òg finne frilansjournalistikk og redigering av nettsider. Les meir.
v
v
Fjellaren gler seg til Malakoff
(22.07.2010): Fjellaren fekk ikkje med seg Malakoff 2009, men skal kome sterkt tilbake komande helg. Han mimrar difor tilbake til 2008 då han var på Malakoff på oppdrag for Fjordenes Tidende. Les meir
g
g
(21.07.2010): Her kjem ein biletserie om hjort og hjortejakt. Les meir
h
h
Sommarkveld på Bruna
(20.07.2010): Fjellaren kosa seg i helga med familie og gode vener. Det er ikkje kvar dag ein kan nyte så flotte solnedgangar frå Bruna.
f
d
Sprek turkamerat med på Skjolden
(20.06.2010): Fjellaren og Bella hadde ei utfordring med å halde følgje med den spreke turkameraten på veg opp til Skjolden. Ein flott søndagstur i sol, men litt nordavind.
Ny biletserie med reportasjebilete
(13.06.2010): Under oppryddinga av biletbanken fann eg fleire reportasjebilete. Dette er hovudsakleg bilete eg har tatt på oppdrag for Fjordenes Tidende, men òg andre mediebedrifter. Biletet oer er frå transporten av gassrøyr frå Måløy til gassleidningen mellom Ormen Lange til Storbritannia. Les meir.
f
l
Bella og Fjellaren på Skjolden
(06.06.2010): Skjolden er 545 meter over havet, og kan by på godt utsyn og gode turopplevingar. Både Bella og Fjellaren likar svært godt turane opp på det høgste fjellet på Barmen. Sjå bileta frå søndagsturen 06.06.2010. Les meir.
y
Roleg start på altanen
(06.06.2010): Med fare for å ta meg heilt ut i starten har eg bestemt meg med å starte roleg. Då passar det fint med nokre bilete frå altanen. Eit spanande utsyn og varierande vêr gjer dette til ein god plass for fotografering. Les meir.
Fjellaren er endeleg på nett
(06.06.2010): Eg har flytta til ein stad der
fjellarane bur. Slik eg har forstått det er det ikkje så gale å vere ein
fjellar. Sidan eg òg likar meg godt i høgda, var det ikkje vanskeleg å finne
namn på den nye heimesida mi. Eg gler meg til å fylle denne
heimesida med bilete og litt tekst om livet som fotograferande fjellar, både på Barmen og andre stader i verda.