FJELLAR TIL TENESTE!

Det er eit breitt spekter av tenester Fjellar AS  tilbyr. Alt handlar om korleis din organisasjon kan ta nye steg med leiarskap og god kommunikasjon.

Eg vil gjerne høyre kva eg kan hjelpe deg med. Det første møtet kostar deg ikkje noko anna enn den tida du set av til møtet.

 

KOMMUNIKASJON

Korleis skal du lukkast med å nå fram med bodskapen din? Når du målgruppa di? Brukar du dei rette kanalane, og når du dei målsettingane du har sett deg?

STRATEGI

Treng du hjelp til å lage ein strategi for kommunikasjonen i organisasjonen din? Fjellar AS kan hjelpe deg.

KOMMUNIKASJONSTRENING

Korleis formidlar du bodskapen din? Vil du bli ein endå tydlegare og tryggare  talsperson for din organisasjon? Treng du hjelp til mediehandtering? Eg kan med rettleiing/coaching hjelpe deg vidare på ein trygg og god måte.

INNHALDSPRODUKSJON

Fjellar AS kan hjelpe deg med alt du treng til di innhaldsmarknadsføring. Eg kan levere tekst, utforming, foto og video, også redigert etter ønske.

NETTSIDER

Denne nettsida du er inne på no har eg laga. Om du vil ha noko liknande, kan Fjellar AS hjelpe deg med det.

LEIING

Eg har som leiar brukt mykje rettleiing som leiingsverktøy. I kombinasjon med pedagogikk, og tydeleg kommunikasjon har eg funne ei oppskrift som fungerer. Eg tilpassar meg sjølvsagt kvart enkelt oppdrag, og bruker dei teknikkane som fungerer best i kvar enkelt situasjon.

LEIARSTØTTE

Om de har behov for hjelp til prosjektleiing, prosjektstøtte eller ein ekstra leiarressurs i organisasjonen for ein periode, er eg klar til å ta jobben. Eg har blant anna erfaring med krisehandtering innanfor HR-området.

LEIARUTVIKLING

Korleis vil du bli endå tryggare og tydlegare i leiarrolla? Med å analysere, utfordre og rettleie kan eg hjelpe deg og din organisasjon vidare. Eg kan vere ein coach for både enkeltpersonar og grupper i organisasjonen.

HR-STØTTE

Med bakgrunn som hovudtillitsvald og leiar i både privat og offentleg sektor, kan eg vere til hjelp med det viktige HR-arbeidet i din organisasjon.