
Å VERE LEIAR KAN VERE EINSAMT
Etter over 25 år i ulike leiarroller veit eg at leiing ofte kan opplevast som einsamt. Du samarbeider med mange, men det er ingen andre enn deg sjølv som fullt ut kjenner tyngda av ansvaret, vurderingane og vala du må ta.
Mange leiarar saknar ein stad å vere heilt ærlege. Ein stad der ein kan tenkje høgt, bli utfordra og få klare tilbakemeldingar – utan agenda, utan spel, utan forventningar om å prestere.
Eg ønskjer å vere ein slik sparringspart og rettleiar!

EIN TRYGG SPARRINGSPART
Eg jobbar ikkje med ferdige svar eller standardiserte metodar. Eg lyttar, stiller dei nødvendige spørsmåla og gir ærlege, fagleg forankra tilbakemeldingar – også når det er krevjande.
Som rettleiar er mi rolle å sjå deg, forstå konteksten du står i, og bidra til at du tek gode og gjennomtenkte val over tid. Nokre gonger handlar det om struktur og retning. Andre gonger handlar det om å skape ro, oversikt og tryggleik i rolla di.

ERFARING FRÅ MENNESKE, ANSVAR OG AVGJERDER
Eg har over 25 års erfaring frå utdanning, rettleiing, leiing og kommunikasjon, i roller der menneske, ansvar og avgjerder står tett på kvardagen. Eg er utdanna lærar og har formell vidareutdanning innan profesjonell rettleiing, leiing av endringsprosessar og berekraftig økonomi og leiing.
Gjennom mange år i skule og utdanning har eg arbeidd som lærar, rådgjevar, studentrettleiar, hovudtillitsvald og skuleleiar. Dette har gitt meg solid praksis i å arbeide tett på menneske – både individuelt og i organisasjonar – særleg i situasjonar som krev trygg leiing og klok kommunikasjon.
Eg har også lang erfaring som offiser i Forsvaret, der struktur, ansvar, planlegging og tydeleg kommunikasjon er avgjerande – spesielt når det er behov for ro og presise avgjerder.
I tillegg har eg vore ansvarleg redaktør og dagleg leiar i mediehus. Redaktørrolla har skjerpa forholdet mitt til språk, etikk og konsekvensane av bodskap, og gitt meg djup forståing for kommunikasjon når mykje står på spel.

ERFARING SETT I SYSTEM
I dag samlar eg desse erfaringane gjennom Fjellar AS. Eg jobbar som rettleiar og rådgjevar for leiarar, styrer og verksemder som ønskjer å vere tydelege, ansvarlege og truverdige i praksis.
Eg blir ofte brukt som ein trygg sparringspart når det er behov for oversikt, struktur og klar kommunikasjon – før, under og etter krevjande prosessar.

NÅR ER FJELLAR RETT FOR DEG?
Når du står åleine i krevjande avgjerder
Når kommunikasjon har stor betydning for tillit
Når tempoet er høgt og konsekvensane store
Når du ønskjer færre, men betre tiltak
Når du treng ein trygg samtalepart utan bindingar

TA KONTAKT
Står du i noko som krev kloke val?
Ein uforpliktande prat kan vere ein god start.