LITT OM MEG OG

... FJELLET

Eg har vore så heldig å få samarbeide med og arbeide for ei rekke ulike organisasjonar. Felles for alle desse organisasjonane er at der er menneske i samspel som saman skapar utvikling og vekst. For å få dette til er kommunikasjon og leiing heilt sentralt.

Møta med alle desse ulike menneska og varierte organisasjonskulturane dei siste 25 åra har lært meg mykje. Eg vil bruke desse erfaringane til å hjelpe endå fleire. Derfor etablerte eg Fjellar AS i mars 2024.

Eg bur på garden Fjellet, på øya Barmen, i fagre Nordfjord. Fjellet ligg 120 meter over det mektige Stadhavet. Gardsfolket frå Fjellet har i alle tider blitt kalla for fjellarar av dei andre på øya. Oppe i høgda, eit godt stykke borte frå hovudferdselsåra, fekk ein god oversikt, men det gjorde også at ein måtte vere ekstra innovativ og løysingsorientert. Derfor Fjellar AS.

I tillegg til å drive Fjellar AS er eg sauebonde på lavt nivå. Vi har ein saueflokk som er noko misfornøgd med sauebonden sin, Fjellaren. De kan lese meir om dette på sauen.no.

 

ARBEIDSERFARING

Før eg starta opp Fjellar AS i mars 2024 var eg ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende i Måløy.

I tida før Fjordenes Tidende var eg områdeleiar for eigedom og skuleleiar i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune og tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Eg har også arbeidserfaring som lærar, tilsynsførar, journalist, fiskeoppdrettar, bonde, rettleiar, instruktør og offiser.

FORMELL UTDANNING

Eg vart utdanna adjunkt med tilleggsutdanning i organisasjonsvitskap i 2001. Seinare har eg tatt utdanning i leiing, rettleiing og coaching. Rett etter vidaregåande gjennomførte eg befalsutdanning i Forsvaret. Eg er alltid på jakt etter ny kunnskap, og no studerer eg berekraftig økonomi og leiing ved Handelshøyskulen, NMBU.

KURS

I verva som hovudtillitsvald og leiar i Udanningsforbundet har eg gjennomført fleire kurs innan leiing, forhandling, lov- og avtaleverk, personalarbeid, arbeidsrett, konflikthandtering og kommunikasjon.

Som offiser i Forsvaret har eg gjennomført fleire kurs innan krisehandtering, kommunikasjon, stridsteknikk, rettleiing, sanitet, logistikk, HMS, leiing, samband og pedagogikk.

ANNA ERFARING

Gjennom tillitverv som kommunestyrerepresentant i fleire periodar, meddommar i Gulating lagmannsrett, hovudtillitsvald og i redaktørforeining har eg lært mykje. Eg har erfaring frå styrearbeid i aksjeselskap, både som dagleg leiar og styremedlem.

VIL DU VITE MEIR?

Eg håpar du tek kontakt om du har spørsmål eller vil vite meir om kva vi kan samarbeide om. Du finn også meir om meg på LinkedIn.