EG ER STOLT AV Å VERE NORDFJORDING
Under Nordfjordtreffet 2024 fekk ein verkeleg sjå delar av det store mangfaldet av dyktige og kreative bedrifter og organisasjonar vi har i Nordfjord.
Nordfjordtreffet er ein flott påsketradisjon! I år var eg der som nyoppstarta og fersk sjølvstendig næringsdrivande.
Tidlegare år har eg stått på stand og representert ei bedrift med lang historie. Då var eg ein del av eit lag. I år var eg åleine. Sjølv om eg kom åleine, kjende eg meg likevel som ein del av eit godt fellesskap.
Godlyden
Det som er så flott med Nordfjordtreffet er at det er lagt opp til mingling og gode samtaler. Her kan ein knyte nye kontaktar, ein kan bli inspirert til nye prosjekt og framtidige samarbeid kan bli sådd. Ein treff gamle kjende, og blir kjent med nye.
Nordfjordtreffet er ein god møteplass, for både dei som jaktar ny jobb og dei som treng fleire medarbeidarar på laget. Då eg gjekk rundt og høyrde og såg alle desse møta vart eg glad.
Eg høyrde lyden av optimisme, framtidstru, kreativitet, samhald og samarbeid.
Firdahallen på Sandane var full av menneske som vil vere med å bygge vidare på det lokalsamfunnet vi er så glade i. Eg er stolt av å vere nordfjording!
Suksess
På basarar er det vanleg å måle trivsel og sosialt fellesskap ut frå lydnivået i salen. Godlyden som var i Firdahallen denne tysdagskvelden før påske vitnar i alle fall om at Nordfjordtreffet 2024 var ein stor suksess.
Stor takk til arrangørar, dei 72 utstillarane og 450 gjestene for ein kjekk kveld saman i Nordfjord.
Her er nokre bilde frå Nordfjordtreffet 2024:
Eid elektro. Foto: Håvar Fagerli
GLPN U40. Foto: Håvar Fagerli
Gratulerer til Henning og resten av gjengen i Skogstad med prisen som årets bedrift. Foto: Håvar Fagerli
Skogstad tek bærekraft på alvor, og hadde eit engasjerande innlegg under prisutdelinga. Foto: Håvar Fagerli
Arild Hjelmeland og Vegar Sårheim trekte heldige vinnarar av festivalpass til Malakoff Rockfestival og Norsk Countrytreff. Foto: Håvar Fagerli
Øystein Nes var strålande fornøgd med at 450 gjester var innom Norfjordtreffet. Foto: Håvar Fagerli
Linja var på plass. Foto: Håvar Fagerli
Roar styrte spakane under direktesendinga til Nordfjord nærradio. Foto: Håvar Fagerli
Bremanger kommune. Foto: Håvar Fagerli
Stad kommune. Foto: Håvar Fagerli
Stryn kommune. Foto: Håvar Fagerli
Gloppen kommune. Foto: Håvar Fagerli
Hjelpemiddelpartner. Foto: Håvar Fagerli
Tine serverte ost. Foto: Håvar Fagerli
Coast blir intervjua av Nordfjord nærradio. Foto: Håvar Fagerli
LocalHost. Foto: Håvar Fagerli
PocketID. Foto: Håvar Fagerli
Framtidsfylket. Foto: Håvar Fagerli
Iglandsvik næringspark kom frå den beste utkant. Foto: Håvar Fagerli
Norway Adventures. Foto: Håvar Fagerli
Takk for mat, Gloppen Hotell! Foto: Håvar Fagerli
«Nordvestvinduet er ein rollemodell på korleis ein skal vere ei god lærebedrift», seier juryen om årets lærebedrift i Nordfjord. Gratulerer! Foto: Håvar Fagerli
Simona Stadpipe frå Stadlandet. Foto: Håvar Fagerli
Sogn og Fjordane Energi. Foto: Håvar Fagerli
Låssenteret. Foto: Håvar Fagerli
Nordfjordnett. Foto: Håvar Fagerli
BDO. Foto: Håvar Fagerli
Vest Energiteknikk. Foto: Håvar Fagerli
Hyggelege møter under Nordfjordtreffet. Foto: Håvar Fagerli
Coast. Foto: Håvar Fagerli
Norgesvinduet. Foto: Håvar Fagerli
Stryvo. Foto: Håvar Fagerli
Veidekke. Foto: Håvar Fagerli
Sande Settefisk og Nordfjord Laks. Foto: Håvar Fagerli
Gloppen Hotell stilte med bar. Foto: Håvar Fagerli
Ance. Foto: Håvar Fagerli
Signal Norway. Foto: Håvar Fagerli
Nordfjord psykiatrisenter. Foto: Håvar Fagerli
Andreas Lyngstad Grov i Sfj-Event styrte lys og lyd under Nordfjordtreffet. Foto: Håvar Fagerli
Gardsbrenneriet. Foto: Håvar Fagerli
Nordfjordtreffet. Foto: Håvar Fagerli
Norconsult. Foto: Håvar Fagerli
NORSelast. Foto: Håvar Fagerli
Bano. Foto: Håvar Fagerli
PwC. Foto: Håvar Fagerli
Accountor. Foto: Håvar Fagerli