Logo med nære og kjære former og linjer

Logo med nære og kjære former og linjer

LOGO MED KJÆRE OG NÆRE FORMER

Image link

Logoen tek sjølvsagt ugangspunkt i den karkateristiske profilen til øya Barmen.  

Logoen til Fjellar AS er basert på konturane av øya Barmen, slik dei ho ser ut frå ferjekaia på fastlandet.

Det er er designer Rebekka Myresth som har utforma den grafiske profilen til Fjellar AS.

– Eg er godt fornøgd med resultatet og arbeidet til Rebekka. Ho har fått fram ein logo som symboliserer noko nært og kjært, men også noko som peikar opp og fram, seier dagleg leiar i Fjellar AS, Håvar Fagerli.

Image link

Ikonet er sett saman av linjer som peikar opp og fram.

– Logoen symboliserer utvikling og vekst, akkurat det som Fjellar AS vil arbeide for, seier Håvar.

Fargevalet er også gjennomtenkt.

– Fargane grønt og grått står sentralt, og skal representere tillit, tryggleik, vekst og innovasjon.

Image link

På toppen av Barmen, på hovudet til møya ein ser konturane av frå ferjekaia, ligg fjelltoppen Skjolden (545 m.o.h). Dette er eit turmål som blir brukt mykje av den tilsette i Fjellar AS.

– Eg har fått mang ein ide her, både på veg opp og på veg ned frå Skjolden. Eg har såleis mykje å takke Skjolden for. Derfor er det ein sentral del av logoen til Fjellar AS, seier Håvar.

Relaterte innlegg