Med ei nettside kan ein ha hovudkontor kvar som helst

Med ei nettside kan ein ha hovudkontor kvar som helst

– MED EI GOD NETTSIDE KAN EIN HA HOVUDKONTOR KVAR SOM HELST

Image link

Fjellar AS har kontoradresse oppe på eit fjell på øya Barmen, og med dagens teknologi er det ei perfekt plassering.

Det er dagleg leiar og den einaste tilsette, Håvar Fagerli, som seier dette.

– Eg har kort veg til kontoret, og eg har ei fantastisk utsikt frå kontorglaset. Mykje kan vi fikse over nettet og videomøte, men eg er ikkje tung å be inn til fysiske møter. Det aller beste er sjølvsagt å snakke saman ansikt til ansikt, og då kjem eg gjerne ein tur, seier Håvar.

Før var det kanskje meir viktig å ha eit kontor i byar og tettbygde strøk. Då måtte ein vise igjen med å ha eit kontor med firmalogo godt synleg ut mot den mest travle gågata.

– No er det nettsida som er dette utstillingsvindauget. Eg håpar du finn fram på nettsida til Fjellar AS ,og at du kontaktar meg.

Nettsida du er inne på no er laga av Fjellar AS.

– Om du vil ha hjelp til å lage ei ny nettside eller berre fikse på den du har, kan eg hjelpe deg med det, seier Håvar.

Fjellar AS har så langt laga desse nettsidene:

Relaterte innlegg