Fjellaren snakkar ut på sauen.no

Fjellaren snakkar ut sauen.no

FJELLAREN SNAKKAR UT PÅ SAUEN.NO

Image link

Det første intervjuet for Fjellar AS gjekk til sauen.no. Her kjem det fram at det er stor glede i saueflokken at Fjellaren (Håvar Fagerli) ikkje blir sauebonde på fulltid.

– Sauen.no er ein nettstad som eg har drive med sidan 2011. Målet med sauen.no har vore å setje fokus på kulturlandskapet, og motivere fleire til å starte opp som sauebonde på like lavt nivå som meg, seier Håvar.

Sauen.no er eit eige univers der fotogene sauer, med sterke meiningar, stadig kjem med kritiske ytringar, ofte retta mot sauebonden som går under kallenamnet Fjellaren.

Her er eit utdrag frå intervjuet sauen.no har gjort med Fjellaren:

«Sauene pustar letta ut Fjellaren blir ikkje sauebonde fulltid»

Image link

Det har vore ei uro i saueflokken på Fjellet etter at det vart kjent at Fjellaren ikkje lenger skulle jobbe som bladstyrar i lokalavisa.

– Det har gått rykte om at Fjellaren skulle bli sauebonde på fulltid, og berre tanken på det har skapt mykje uro og misnøye i saueflokken, seier tillitsau Oddveig til sauen.no.

Fjellaren har no starta opp Fjellar AS, og sauene på Fjellet pustar letta ut.

– Det vart spontan jubel og relativ store gledesscener på beitet då vi forstod at han skulle sysle med noko anna enn sau, avslører tillitssauen.

Les resten av intervjuet på sauen.no.

Relaterte innlegg