– Ja, du kan trygt bruke Fjellar som din konsulent

Ja, du kan trygt bruke Fjellar som din konsulent

– JA, DU KAN TRYGT BRUKE FJELLAR

Image link

Det har dukka opp litt spørsmål om dette med innleige, og her er svara vi fekk frå Arbeidstilsynet.

Eit lovverk om innleige av arbeidskraft har ført til spørsmål om kva som er lov og ikkje, med å bruke ein ekstern konsulent eller rådgjevar.

Fjellar AS er ikkje eit bemanningsføretak og driv ikkje med utleige av arbeidskraft, men leverer tenester knytt til kommunikasjon, organisasjonsutvikling, strategi og leiing.

Før oppstart av oppdraget går vi inn ei avtale mellom oppdragsgjevar og Fjellar AS der det tydeleg kjem fram kva som er oppdraget, kva resultat vi vil oppnå og at det er Fjellar AS som står ansvarleg for framdrift og resultat.

Arbeidstilsynet definerer entrepriseforhold ved at ein oppdragstakar (Fjellar AS) brukar eigne arbeidstakarar, eller kun seg sjølv, for å utføre arbeid på oppdrag for ein oppdragsgjevar.

Vidare opplyser Arbeidstilsynet at ein er forplikta til å levere eit bestemt resultat, og eventuelle arbeidstakarar er underlagt oppdragstakaren (Fjellar AS) si leiing og kontroll.

– Entreprisar vert regulert gjennom avtale mellom oppdragsgjevar og oppdragstakar, og er ikkje omfatta av arbeidsmiljølova sine reglar om innleige, opplyser Arbeidstilsynet.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til dette.

Relaterte innlegg