– Ha ein god sikkerheitskultur i bedrifta, både teknisk og menneskeleg 

– Ha ein god sikkerheitskultur i bedrifta, både teknisk og menneskeleg 

– HA EIN GOD SIKKERHEITSKULTUR - BÅDE TEKNISK OG MENNESKELEG

Image link

Under sikkerheitsdagen i Gloppen vart det understreka kor viktig  det er å ha ein god tryggleikskultur i organisasjonane våre.

Det var Gloppen næringsorganisasjon og Vest politidistrikt som var arrangør for sikkerheitsdagen 7. mars.

Her fekk lokalt politi og lokalt næringsliv fekk saman ei innføring i trusselbildet nasjonalt, korleis geopolitiske spenningar på verkar oss, samarbeid, samhandling og kva truslar som vi kan vente oss.
Nyttige innlegg frå Politiets sikkerhetstjeneste (PST), NSR – Næringslivets Sikkerhetsråd, LocalHost AS og næringslivskontakten ved Vest politidistrikt!

Sikkerheitsarbeid er eit samarbeid, der vi alle må bidra så godt vi kan. Næringslivet er utsett for truslar, og er derfor også ein viktig aktør i førebyggingsarbeidet.

Kvart politidistrikt har ei næringslivskontakt, som er der for deg og di bedrift. I Vest politidistrikt er det Sonja Lund, og ho sa blant anna:

– Ha ein god sikkerheitskultur i bedrifta. Ikkje berre på det digitale, men også på det menneskelege.

Det kan vere at enkelte medarbeidarar opplever personlege eller økonomiske kriser, og er med det meir sårbare for å bli utnytta eller utpressing. Dette blir brutalt brukt av kriminelle og framande makter.

Sjølv om Fjellar AS er ei svært lita bedrift, kan vi også vere utsett for digitale angrep. Etter sikkerheitsdagen har Fjellar AS fått Nødplakat for digitale angrep opp på veggen.

Image link

5. mars kom Politiet si trusselvurdering for 2024. Her står det blant anna: «Politiets vurdering er at trusselen fra cyberkriminelle aktører er økende. Aktørene tilegner seg stadig økende kompetanse og kapasitet til å gjennomføre kriminalitet av økt kompleksitet og skadepotensial».

Relaterte innlegg