Frå utfordring

til handling

Gode løysingar startar med forståing. Fjellar hjelper verksemder og organisasjonar med å skape retning, utvikle menneske og møte utfordringar – gjennom kommunikasjon, leiing, beredskap og innhald.

01 / KOMMUNIKASJON

Bodskap som når fram

God kommunikasjon handlar ikkje om å seie mest mogleg, men om å bli forstått.

Fjellar hjelper verksemder og organisasjonar med å finne retning, utvikle tydelege bodskap og byggje tillit – både internt og eksternt.

Målet er ikkje meir kommunikasjon, men betre kommunikasjon.

Dette kan eg hjelpe med:

* Kommunikasjonsstrategi og rådgjeving
* Bodskapsutvikling og tekstproduksjon
* Internkommunikasjon og endringsprosessar
* Mediehandtering og kommunikasjonstrening
* Krisekommunikasjon

02 / LEIING

Tryggare leiarar - Sterkare organisasjonar

God leiing handlar om menneske, retning og evna til å ta gode avgjerder.

Fjellar tilbyr rettleiing og sparring for leiarar som ønskjer å utvikle seg, handtere utfordringar og skape gode resultat saman med andre.

Ein god sparringspartnar kan gje nye perspektiv når vala er krevjande.

Dette kan eg hjelpe med:

* Individuell leiarrettleiing og sparring
* Strategi og organisasjonsutvikling
* Teamutvikling og samarbeid
* Endringsleiing
* Krevjande samtalar og avgjerder

03 / BEREDSKAP

Førebudd når det gjeld

God beredskap handlar om meir enn planar. Det handlar om menneske, rolleforståing, samarbeid og evna til å handle når noko uventa skjer.

Fjellar bidreg til å styrkje beredskapen gjennom praktisk planlegging, øving og samvirke mellom ulike aktørar.

Godt samvirke blir skapt før krisa oppstår.

Dette kan eg hjelpe med:

* Beredskapsplanlegging og rådgjeving
* Utvikling av scenario og øvingsopplegg
* Planlegging og koordinering av øvingar
* Samvirke mellom offentlege og private aktørar
* Evaluering, læring og forbetring
* Krisekommunikasjon

04 / FOTO OG INNHALD

Historier som blir hugsa

Gode historier fortener å bli fortalde – med ord, bilete og levande innhald.

Fjellar produserer visuelt og redaksjonelt innhald som synleggjer menneske, verksemder og prosjekt på ein truverdig og engasjerande måte.

Gode bilete fangar merksemda. Sterke historier skapar varige inntrykk

Dette kan eg hjelpe med:

* Fotografering og dokumentasjon
* Film og videoproduksjon
* Tekst og redaksjonelt innhald
* Innhald til nettsider og sosiale medium
* Reportasjar og historieforteljing
* Bildebankar og visuell dokumentasjon

UTVALT PROSJEKT:

Image link

Samvikrke i praksis

Korleis samarbeider militære og sivile beredskapsaktørar når ei krise oppstår?

Nordavind 2026 samla Heimevernet, politiet, helsevesenet, kommunen og frivillige organisasjonar til ei omfattande samvirkeøving i Måløy-området.

Nordavind 2026 viser korleis prosjektleiing, kommunikasjon, beredskap og visuell dokumentasjon kan kombinerast for å skape verdi – både under gjennomføringa og i etterkant.

Slik kan du samarbeide med Fjellar

Ulike behov krev ulike løysingar. Fjellar kan bidra når du treng råd, eit konkret resultat eller ekstra kapasitet.

Ei god samtale

Sparring og råd når du står overfor ei konkret utfordring.

Samarbeid over tid

Fast rådgjeving og oppfølging tilpassa dine behov.

Prosjekt over tid

Planlegging, gjennomføring og støtte i avgrensa prosjekt.

Kva kan vi få til saman?

Har du ei utfordring, ein idé eller eit prosjekt du ønskjer å utvikle? Ta kontakt for ein uforpliktande prat.