No skal samarbeidet testast i praksis

No skal samarbeidet testast i praksis

- No skal samarbeidet testast i praksis

Tekst og foto: Håvar Fagerli

I nær eitt år har militære og sivile beredskapsaktørar planlagt Nordavind 2026. Torsdag skal planane testast når dei møtest til ei omfattande samvirkeøving i ytre Nordfjord.

Stad HV-område, politiet, Helse Førde, Kinn kommune, Måløy legekontor, Kinn brann og
redning, Sivilforsvaret og Røde Kors deltek i Nordavind 2026 torsdag 17. september.

Dette er første gong ei samvirkeøving av denne typen og i dette omfanget blir gjennomført mellom Forsvaret og sivile beredskapsaktørar i området.

Planlegginga starta i oktober 2025. Sidan har aktørane møtt kvarandre ei rekkje gonger for å planleggje ei øving der dei ikkje berre skal teste eigne rutinar, men også korleis organisasjonane fungerer saman når situasjonen blir meir kompleks.

Øvingsleiar og områdesjef i Stad HV-område, Håvar Tandstad, meiner dette er heilt avgjerande dersom aktørane ein dag må stå saman i ei reell krise eller krigssituasjon.

Image link

Områdesjef og øvingsleiar Håvar Tandstad. Foto: Stad HV-område.

– Det er viktig for oss å øve saman med dei andre aktørane. I ei krise eller ein krigssituasjon er det avgjerande at beredskapsaktørane arbeider saman for å sikre kritisk infrastruktur og gi best mogleg tryggleik til lokalbefolkninga. For at Forsvaret skal kunne løyse sine oppdrag, er vi samtidig avhengige av at sivilsamfunnet fungerer så godt som mogleg, seier Tandstad.

Han meiner øvinga skal brukast til å finne utfordringane før ein faktisk står i ein alvorleg situasjon.

– Vi ønskjer særleg å lære meir om korleis samarbeidet mellom etatane fungerer, kvar det kan oppstå misforståingar og utfordringar, og korleis vi kan løyse dette i fredstid. Når samarbeidet fungerer godt, løyser alle oppdraga sine betre. Det styrkjer både forsvarsevna og tryggleiken til sivilbefolkninga, seier Tandstad.

Øvingsleiar og områdesjef i Stad HV-område, Håvar Tandstad, meiner dette er heilt avgjerande dersom aktørane ein dag må stå saman i ei reell krise eller krigssituasjon.

– Vi skal lære av kvarandre

Eit viktig mål med Nordavind 2026 er ikkje berre å teste etablerte planar og rutinar, men å finne ut kva aktørane kan lære av kvarandre.

Øvingskoordinator Håvar Fagerli meiner sjølve planleggingsprosessen allereie har vist verdien av å samle organisasjonane rundt same bord.

Image link

Liaisonoffiser og øvingskoordinator Håvar Fagerli. Foto: Stad HV-område.

– Vi har ulik kompetanse og ser situasjonar frå ulike ståstader. Det er ein styrke dersom vi klarer å bruke det rett. Gjennom planlegginga har vi fått større innsikt i kvarandre sine moglegheiter og avgrensingar. Under sjølve øvinga skal vi sjå korleis dette fungerer når tempoet aukar og situasjonen endrar seg, seier Fagerli.

Kommunikasjon og informasjonsdeling blir sentralt når organisasjonar med ulike oppgåver, faguttrykk og kommandolinjer skal skape ei felles forståing av situasjonen.

– Når mange organisasjonar med ulike roller, faguttrykk og kommandolinjer skal arbeide saman, blir tydeleg og effektiv kommunikasjon heilt avgjerande. Vi skal øve på dette, men like viktig er det å bli betre kjende med kvarandre. Relasjonane vi byggjer før ei krise oppstår, kan bli svært verdifulle den dagen vi verkeleg treng kvarandre, seier Fagerli.

Må fungere også når situasjonen er uavklart

For politiet handlar Nordavind 2026 mellom anna om å øve i eit komplekst situasjonsbilete der grensa mellom sivilt og militært ansvar kan bli utfordra.

– Vi må vere best mogleg rusta til å løyse oppdraga våre også når situasjonen er kompleks og tryggleikssituasjonen er uavklart, i gråsona mellom fred og krig. Då er vi avhengige av godt samarbeid, tydelege roller og god informasjonsdeling mellom alle involverte, seier politioverbetjent Roger Gundersen i Vest politidistrikt.

Image link

Politioverbetjent Roger Gundersen i Vest politidistrikt. Foto: Håvar Fagerli

Han trekkjer også fram samarbeidet som er etablert gjennom planlegginga.

– Samarbeidet med Stad HV-område og alle dei andre aktørane i planlegginga har vore svært godt, og vi ser fram til å få testa dette gjennom Nordavind 2026, seier Gundersen.

Kommunen skal bli tryggare på roller og ansvar

For Kinn kommune omfattar ei alvorleg hending langt meir enn sjølve innsatsen på ein skadestad. Leiing, legeteneste og psykososial oppfølging er blant funksjonane som må kunne fungere saman.

– Vi ønskjer å lære korleis kommunen, frå leiing til legeteneste og psykososialt kriseteam, best kan samhandle og koordinere innsatsen i ei krise. Vi vil bli tryggare på roller, ansvar, kommunikasjon og prioriteringar når situasjonen blir krevjande, seier kommuneoverlege Rune Nordpoll.

Image link

Kommuneoverlege Rune Nordpoll. 

– Målet er å stå betre rusta til å ivareta innbyggjarane når det verkeleg gjeld, seier kommuneoverlege Rune Nordpoll.

Verdifull erfaring for ambulansetenesta

Også Helse Førde legg stor vekt på moglegheita til å trene saman med ei brei gruppe
sivile og militære aktørar.

– For Helse Førde er Nordavind 2026 ei viktig moglegheit til å øve på samhandling mellom sivile og militære aktørar. Dette er den første store øvinga der så mange aktørar er samla, og ambulansetenesta får verdifull erfaring med korleis vi kan samarbeide effektivt i ein større og meir kompleks situasjon, seier Hilde Rotihaug Humborstad, seksjonsleiar i prehospital avdeling i Helse Førde.

Image link

Hilde Rotihaug Humborstad

– Erfaringane frå øvinga vil styrkje beredskapen og evna vår til å handtere framtidige hendingar, seier Humborstad.

Stadig meir komplekse oppdrag

For Sivilforsvaret er samhandling med andre beredskapsaktørar ein føresetnad for å
kunne løyse oppdraga sine.

– Sivilforsvaret er avhengig av andre aktørar for å løyse oppdrag i krise og krig. Ei samvirkeøving som Nordavind 2026 vil gi oss betre kunnskap om dei andre samarbeidspartnarane og kva dei kan bidra med, seier Siri Flatland og Frank Venes, sivilforsvarsadjutantar i Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt.

Image link

Siri Flatland og Frank Venes, sivilforsvarsadjutantar i Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt. Foto: Håvar Fagerli

Dei peikar på at oppdraga beredskapsaktørane møter, har blitt meir komplekse.

– Oppdraga vi får, er ofte meir komplekse enn tidlegare. For at vi saman skal vere godt rusta til å løyse dei i framtida, er slike øvingar svært nyttige, seier Flatland og Vesnes.

Frå nesten eitt år med planlegging til øving

Torsdag blir mykje av det aktørane har arbeidd med sidan oktober 2025 sett på prøve. Scenarioet tek utgangspunkt i ein alvorleg og uavklart tryggleikssituasjon i gråsona mellom fred og krig.

Kommunikasjon, informasjonsdeling, rolle- og ansvarsforståing, tryggleik, handtering av skadde og koordinering mellom sivile og militære aktørar står sentralt.

Nordavind 2026 blir gjennomført i Totalforsvarsåret 2026, og øvinga skal gi praktisk erfaring med nettopp det totalforsvaret er avhengig av: at sivile og militære ressursar kjenner kvarandre og kan samarbeide når situasjonen krev det.

– Vi har brukt mykje tid på å planleggje. No skal vi finne ut korleis planane, kommunikasjonen og samvirket fungerer når vi legg press på organisasjonane. Vi kjem heilt sikkert til å finne ting vi kan gjere betre, og det er nettopp derfor vi øver, seier Fagerli.

Relaterte innlegg